Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

noen

Kategorier

Jakob Grafs legat for studentar i nordisk språkvitskap 2023



Jakob Grafs legat vart oppretta i 2001 av Odny Graf Eriksen, Annie Graf og Hjørdis Graf Hole, til minne om Jakob Graf (1913-1997) og han si store interesse for særleg norsk språkvitskap. Frå 2015 har legatet blitt forvalta og delt ut av Agder vitenskapsakademi.

Legatet skal gå til studentar i nordisk språkvitskap på mastergrads- og ph.d.-nivå ved Universitetet i Agder.

No lyser me ut eitt stipend på 6000 kroner, med søknadsfrist 1. april.

Søknaden skal vere på opp til to sider og skildre kandidaten sitt prosjekt og kva pengane skal bli brukte til. Søknadar om stipend til reiser vil verte prioriterte.

Søknadar skal sendast til akademisekretær nils.h.korsvoll@uia.no, og blir vurderte av ein fagkomité.

Den som får stipendet skal sende ein kort rapport frå prosjektet når det er avslutta.



Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn