Kategorier
Agder Vitenskapsakademi's nye sekretær
Styret i AVA har de siste årene rasjonalisert flere sider ved den organisatoriske akademidriften og er glad for å ha fått en allsidig akademisekretær som også er sterk på de praktiske og digitale sidene av virksomheten, og som samtidig har forskningsfaglig tyngde innenfor sentrale vitenskapsfelt som tematiserer forskning, forståelse og formidling med perspektiver på både fortid og nåtid. I vervet som akademisekretær trengs det personer som både er gode på det akademiske og gode på sekretærarbeid i organisasjoner. Det har vi funnet nå.
Vi har bedt Nils Korsvoll presentere seg selv for akademiets medlemmer:
«Eg er religionshistorikar, og fram til no har eg arbeidd mest med den felles historia til jødedom, kristendom og islam i det første tusenåret etter vår tidsrekning. Ved å studere magi og andre folkelege religionsuttrykk har eg forsøkt å utforske kontakten, motsetjingane og samspelet som har vore mellom desse religionane opp gjennom historia. Dette fordi mange viser til historia som (vrang)bilete på korleis verda og samfunnet burde sjå ut, og eg har ønska å nyansere slike påstandar ved å vise at det tidlegare som no var mange forskjellige folk som gjorde mykje forskjellig.
Sidan 2017 har eg òg vore involvert i lærarutdanning, og her har eg teke med meg interessene mine inn i arbeid og diskusjonar knytt til mangfald og representasjon i KRLE-faget. Eit utruleg viktig, og vanskeleg, oppdrag KRLE-faget og skulen har er å skape eit meiningsfylt fellesskap, eit ‘vi’, som ikkje ekskluderer somme elevar. Så, nokså nyleg etter at eg kom til UiA, har eg òg byrja sjå på tema og problematikk knytt til smugling og ulovleg handel med oldsaker. Mange av gjenstandane me religionshistorikarar studerer har komme og kjem til Europa som følgje av plyndring og gjennom kriminelle nettverk, og i randsona av Årstein Justnes sitt Lying Pen of Scribes-prosjekt har eg byrja utforske korleis me forskarar tar del i og bidreg til denne marknaden.
Eg byrja ved UiA i 2019 og er tilsett som førsteamanuensis i religionsvitskap ved Institutt for religion, filosofi og historie. Her underviser eg mest innanfor masterprogrammet i religion og filosofi, samt masterfordjupinga i KRLE, i tillegg til å vere studieprogramleiar for programmet. Eg disputerte ved MF vitskaplege høgskule i Oslo i 2017, og var så ei tid ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Trass ei nasjonal karriere så langt var eg i løpet av studiane i kortare eller lengre periodar ved universitet i Nederland, Tyrkia og Tyskland, og eg tok vidaregåande ved Li Po Chun United World College i Hongkong.
Samfunnsengasjement og ei internasjonal orientering har dermed vore viktig for meg lenge, og det kjem til uttrykk òg i ulike verv og nettverk. Til dømes var eg med å starte, og leiar no, phd-nettverket The Nordic Network for the Study of Judaism, Christianity and Islam in the First Millennium, og eg var tidlegare involvert i fagforeningsarbeid. No er eg medlem i det nasjonale Akademiet for yngre forskere, og har gjennom dette vore styremedlem i Lettenprisen. Utanfor akademia har eg sitte i styret til UWC Noreg, og er no nestleiar i FRI Agder.
Eg er veldig glad og æra over å bli vald til akademisekretær for Agder vitenskapsakademi. Eg ser fram til å bli enda betre kjend med forskinga og fagkompetansen som er i regionen, eller knytt til denne, og til å fremje forsking og kunnskap på Agder. Vitskapsakademi er særeigne foreiningar som legg opp til tverrfagleg utveksling og vitskapsformidling på eit nivå og til ein grad som er vanskeleg å finne andre stadar, og i ei (akademisk) verd som vert stadig meir fragmentert er det enda viktigare å halde fast på og byggje opp samlande fellesarenaer.»
Styret i AVA ønsker deg varmt velkommen i ditt nye verv, Nils!